ÅRIM legg stor vekt på å møte kundane der dei er, det vil seie i ulike kanalar. Facebook er ein av kanalane som inviterer til dialog, openheit og levande kommunikasjon. Her viser ÅRIM noko av publikumsaktiviteten selskapet har. Facebook gir også rom for dagsaktuelle meldingar, til dømes om renovasjon, ver og føreforhold. Her har også kundane ein stad der dei kan gi ris og ros. ÅRIM får begge deler.