Skip To The Main Content
miljofyrtarn logo

Arbeidet med å bli miljøfyrtårn handlar om finne gode miljøtiltak og å redusere miljøpåverknaden selskapet har. ​ÅRIM har involvert dei tilsette med å implementere miljøstyring i organsiasjonen.  Arbeidet har vore prega av god vilje og entusiasme.

​Tiltak selskapet har utført:

  • Vernerunder og risikovurdering av alle avvik.
  • ÅRIM er IA-bedrift. Oppfølgjing av IA-mål.
  • Innføring av treningsdagbok. Dei tilsette blir belønna om dei har nok treningsøkter.
  • Kontinuerleg arbeid med å innføre gode arbeidsmiljøtiltak.
  • Førstehjelpskurs.
  • Hjertestartar er tilgjengelig på miljøstasjon​ane og kontoret på Moa.
  • Bedrifta er med i bedriftshelsetjeneste.
  • Kjøp av miljømerka produkt og bruk av miljøsertifiserte leverandørar.
  • Kontor er oppvarma med fjernvarme.
  • E-faktura for kundane.
  • Etablering av fleire stasjonar for kjeldesortering
  • Bruk av hybridbil når vi kan
  • Bruk av ein del Skype- og telefonmøter eksternt.
  • ÅRIM er eit kompetansesenter som har påverknadskraft på ei​garane og dei som leverer avfallet. Vi informerer om hvordan avfallet skal behandlast, korleis det skal sorterast og leverast.
  • ÅRIM bruker mykje papir. Når det er hensiktsmessig vel ÅRIM digital kommunikasjon framfor papir.

Mål på kort og lang sikt:

Første året er hovudmålsetjinga å innføre miljøstyring i bedrifta. Det blir lagt vekt på at dei tilsette får opplæring og blir involvert i miljøarbeidet.

Selskapet har sett mål for sjukefråver, energibruk, avfallsreduksjon, samt bruk av miljømerka produkt og økologiske varer, og bruk av miljøsertifiserte leverandørar.

Samarbeid med andre bedrifter

ÅRIM og rundt tjue andre bedrifter gjennomførte tiltaka som skulle til for å bli miljøfyrtårn. Samarbeidet var eit initiativ frå «Grøn Fjord 2020».


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA