Skip To The Main Content

Du produserer, åleine, nesten fire hundre kilo avfall i året. Av desse blir om lag hundre og tjue kilo til nye material. Dette talet vil ÅRIM auke. Det same vil EU. Her må større grep enn kjeldesortering til.

Dagens lineære økonomi
Til no har produkt blitt utvikla – produsert - brukt og kasta, og her har kjeda i stor grad stoppa. I ein slik lineær økonomi blir ressursar til avfall innan kort tid.  Det blir produsert avfall i alle delar av verdikjeda.  Ein lineær økonomi er lite berekraftig og treng ei ny tilnærming som held ressursane i omløp

linearøkonomi

Sirkulær økonomi
Den nye tilnærminga er sirkulær økonomi.  Målet med sirkulærøkonomien er å utnytte verdien i ressursane, og halde dei i bruk så lenge som mogeleg.  I ein sirkulær økonomi er materiala og produkta designa med ein tanke om å redusere den samla avfallsmengda. Det betyr større grad av gjenbruk, materialgjenvinning, reparasjon og at produkta blir brukt på nye måtar.  Denne idèen må inn i alle delar av verdikjeda, både hos dei som utviklar, designar, forhandlar, bruker, kastar og tek i mot produktet når det er blitt avfall. I tillegg forventar vi oppblomstring av eit ekstra ledd; bedrifter som ser muligheitene for bruk av gjenvunne materiale inn i nye produkt. Dette er aktørar som vil vere med på å dytte materiala inn i sirkelen igjen.

SirkulærØkonomiNy

Vi må tenke nytt i alle ledd
Argumenta for å arbeide meir sirkulært er mange, og handlar om meir enn gjenvinning og å redusere utslepp. Mange av ressursane vi er avhengige av, kan vi gå tom for innan få år, noko sjeldne metall i mobiltelefonar er døme på. Tanken er også at sirkulær økonomi skal gi ny vekst og nye jobbmuligheiter. Betre utforming av produkt (øko-design), reparasjon og gjenbruk kan gi grunnlag for mange nye arbeidsplassar.

Å innrette produksjon og marknad mot eit nytt tankesett krev omstilling på tvers av alle område. ÅRIM ser gode muligheiter til å gjere betringar i vårt ledd og arbeider aktivt for å betre systema for system, mottak og behandling av avfall. Vi må avdekke kva avfallstypar som merkar seg ut med særleg godt potensiale både når det kjem til miljø- og kostnadsnytte.

 

Kjelde: ISWA Ressurser og muligheter (The international Solid Waste Association). 


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA