ÅRIM sendte digitale miljøstasjonkort til 37 000 kundar i 2015. Med kortet har kundane ei kvote med avfall dei kan levere utan å betale på miljøstasjonen. Kvoten er basert på kva type abonnement kunden betaler for. Den mest vanlege kvoten er 600 kilo avfall til sortering, 1000 kilo farleg avfall, samt fri mengde ee-avfall og hageavfall. Kunden registrerer leveringa på miljøstasjonen. Ved levering over kvote, betaler dei etter prisliste.
ÅRIM har drive nyskapande utviklingsarbeid for å få eit hensiktsmessig system på plass. Ved årsskiftet hadde ni av ti miljøstasjonar systemet klart. Løysinga på stasjonane er brukarvenleg, og selskapet får registrert avfallet og innleveringane som planlagt. Systemet gir informasjon om kva og når folk leverer, noko som igjen gir muligheit til å planleggje og tilpasse ressursbruken best mulig.