Skip To The Main Content

SELSKAPET SITT FØREMÅL

Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM) er eigd av kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund, Vestnes, Sandøy, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven. Eigarane heftar for disposisjonane til selskapet i forhold til innbyggjartalet i kvar kommune. Selskapet sin administrasjon ligg på Moa i Ålesund kommune.

ÅRIM utfører dei lovpålagde oppgåvene medlemskommunane har innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet gir tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessigønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet legg vekt på miljøvennleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet tek sjølv avgjerd om i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap eller private næringsdrivande. ÅRIM er eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane, og driv eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallsbehandling.

AKTIVITETEN I 2015

Selskapet har ansvar for innsamling av restavfall, papir og plastemballasje frå alle hushaldskundar i regionen. Innsamlinga blir i hovudsak utført av RenoNorden AS. Selskapet har også ansvaret for innsamling av slam frå separate avløpsanlegg i regionen. Dette arbeidet blir utført av Miljøservice AS. ÅRIM har dessutan ansvaret for innsamling av glas- og metallemballasje frå om lag 100 returpunkt i regionen. Innsamlinga av glas- og metallemballasje blir utført av Stranda Gjenvinning & Transport AS.

Frå 1. januar 2015 tok ÅRIM over ansvaret for dei ti bemanna miljøstasjonane i Ålesundregionen. To av stasjonane blir drive med eigne tilsette, på dei øvrige stasjonane har ÅRIM avtalar med eigarkommunar eller private verksemder om drifta. Nokre avtalar om drift og leige av miljøstasjonar var ikkje på plass ved årsskiftet, men har blitt inngått i løpet av året. Som ein del av overtakinga blei det innført felles retningslinjer for levering i alle eigarkommunane, dette opna også for at alle innbyggjarane i ÅRIM kunne levere avfall til alle miljøstasjonane. Alle hushaldsabonnentar har fått tilsendt eit miljøstasjonskort som gir rett til fri levering av ei avgrensa mengde avfall til sortering. For levering ut over denne kvota blir det kravd inn betaling.

Som ein del av overtakinga har ÅRIM harmonisert tilbodet kundane har om sortering av ulike avfallstyper på miljøstasjonane. Det har også blitt utarbeidd skiltplanar og selskapet har starta profilering og skilting av miljøstasjonane. Dette arbeidet vil bli fullført i første halvår 2016. I samband med overtakinga har ÅRIM også fått på plass betre rutiner for registrering av avfallsmengder og besøk.

Som følgje av at Miljødirektoratet presiserte regelverket om hushaldsrenovasjon og avfallsgebyr, har fleire av eigarkommunane vedteke innføring av hytte- og fritidsrenovasjon. ÅRIM har i samarbeid med eigarkommunane identifisert aktuelle nye abonnentar, etablert eit innsamlingstilbod for desse og utarbeidd informasjon om tilbodet.

ÅRIM har i 2015 hatt ansvaret for heile kundeforholdet for renovasjons- og slamabonnentane i Sandøy kommune. Det er ÅRIM som sender ut faktura for renovasjon og slamtømming til kundane, og som er ansvarleg for innfordring. Som ein del av dette har selskapet også ansvaret for forvaltning av sjølvkostfonda innan hushaldsrenovasjon og slam i Sandøy. Frå 1. januar 2016 har ÅRIM tilsvarande ansvar også i Skodje kommune.

ÅRIM utfører renovasjonstenester for mange av verksemdene til eigarkommunane, i tillegg til at selskapet utfører renovasjonstenester for enkelte andre verksemder som har renovasjonsavtale med eigarkommunane. Når ÅRIM utfører denne typen oppgåver for eigarkommunane, er det næringsverksemd som reknast som utført i eigenregi; prisen ÅRIM fakturerer reflekterer dei kostnadene selskapet har ved å utføre tenestene.

ÅRIM leverte i 2015 eit todelt tilbod; henting av avfall frå verksemdene, samt drift av miljøstasjonar der verksemdene kan levere avfall. Frå 1. januar 2016 gir ÅRIM også tilbod om innsamling og behandling av slam frå verksemder med separate avløpsanlegg.

Kundesenteret har jamn auke i saksbehandling, og kundehenvendelsar på telefon og e-post. Det er også auka bruk av elektroniske sjølvbeteningsløysingar. Selskapet vurderer tilgjenge og responstid som tilfredsstillande, og har i 2015 i aukande grad klart å tilpasse kapasiteten til perioder med høgt trykk.

FRAMTIDSUTSIKTER

ÅRIM sitt mål er å drive så kostnadseffektivt som mogleg, samtidig som selskapet tek miljøomsyn. Det viktigaste for å få på plass dette er at oppgåver blir gjort ein gong på ein stad, å ha gode støttesystem, likt tenestetilbod og fokus på hovudtenestene.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sendte i 2014 ut forslag til endring i lov om interkommunale selskaper. I høyringsutkastet la departementet opp til at eigarane ikkje lenger skal garantere for all gjeld i interkommunale selskap som ein gjer i dag. Formålet med å gjere om interkommunale selskap om til selskap med avgrensa ansvar, var å gje selskapa like konkurransevilkår som private føretak når det gjeld låneopptak. Dette kan få store konsekvensar for ÅRIM og dei fleste andre selskapa i landet som er organiserte som interkommunale selskap. I april 2015 varsla departementet at det var nødvendig å gjere ei fornya vurdering av lovforslaget før det var mogeleg å fremje dette for Stortinget. Det er for tidlig å seie noko sikkert om utfallet av saka. ÅRIM vil følgje saka nøye.

I desember 2015 kom EU med nye og meir ambisiøse krav til materialgjenvinning og gjenbruk av avfall. Det vil vere nødvendig å gjere store endringar i ÅRIM sine avfallsløysingar i åra framover for å tilpasse seg til dei nye krava. Selskapet har i 2015 hatt dialog med Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS og Volda Ørsta Reinhaldsverk IKS for å utvikle felles avfallsløysingar. Dette arbeidet vil halde fram i 2016.

RESULTAT OG UTVIKLING

Inntekter

Selskapet hadde totalt inntekter på 105 855 306 kroner i 2015 mot 85 364 118 kroner i 2014. Av inntektene kom 83 830 512 kroner frå tenester som blei levert til eigarkommunane i 2015. I tillegg var finanspostane positive med 1 101 992 kroner.

Kostnader

Driftskostnadane for året var 101 372 634 kroner, mot 84 555 996 kroner i 2014. Varekost (innsamling, gjenvinning, sluttbehandling og materiell) var på 71 415 780 kroner. Kostnadane til løn og honorar var 13 647 014 kroner, mot 8 429 328 kroner i 2014.

Resultat

Resultat er 4 658 934 kroner etter skatt, mot 849 010 kroner i 2014. Budsjettert resultat var på minus 5 234 527 kroner. Resultatendringa i forhold til budsjett skuldast i hovudsak høgare inntekter og at ein del budsjetterte aktivitetar ikkje blei gjennomført.

Investeringar

Selskapet investerte for totalt 2 931 554 kroner i 2015. Det vart i hovudsak investert i innsamlingsutstyr og maskiner til miljøstasjonane. Det er tatt opp eit lån for å finansiere investeringane. Investeringane blei finansierte med likvidar inntil lån vart utbetalt i 2015.

Likviditet

Likviditeten i selskapet var god i 2015. I 2016 er det budsjettert med underskot. Likviditeten i 2016 er likevel venta å vere tilfredstillande.

Næringsverksemd og skatt

ÅRIM skil mellom tenester som er sjølvkosttenester (tenester til handtering av hushaldsavfall og slam) og tenester som ikkje er sjølvkosttenester. Det skal ikkje vere noko kryssubsidiering mellom dei ulike tenestene. For ÅRIM er ikkje renovasjon til næringskundar ein del av sjølvkosttenestene. Resultatet for næringsverksemda er skattepliktig. Der inntekter og kostnadar ikkje kan førast direkte til ei av tenestene blir dei fordelte basert på nøklar. Nøklane er mellom anna basert på basert på kor mange og store dunkar selskapet har tømt, talet på kundar og administrasjonen sin tidsbruk. Resultatet for næringsverksemda var i 2015 før skatt 3 426 918 kroner. Etter skatt var resultatet 2 501 188 kroner.

Analyse

Resultatet for selskapet er betre enn budsjett. Dette skuldast fleire forhold.

Inntektene er om lag 4,4 millionar kroner høgare enn budsjett. Dette skuldast i hovudsak 4,6 millionar kroner meir i næringsinntekter. Hushaldrenovasjon var 1,6 kroner over budsjett og slam 1,7 kroner lågare enn budsjett.

Varekosten var 2,2 millionar kroner over budsjett. For næringsrenovasjon er det 1,8 millionar kroner over budsjett. Dette skuldast meir tømming. Slam er 1,7 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast mindre tømming enn budsjett. For hushaldrenovasjon er varekost 2,1 millionar kroner over budsjett. Viktige grunnar til høgare varekost enn budsjett er at Årim ikkje tok over personalet på Bingsa før 1. april 2015. Det er om lag 1 million kroner i meirkost for varekost, det er tilsvarande reduksjon i løn der kostnaden var budsjettert. Frakt og leige av kontainarar er også ført under varekost. Dette er om lag 1,9 million kroner i meirkost for varekost, det er tilsvarande reduksjon i driftskostnader der kostnaden var budsjettert.

Personalkostnadene og driftskostnadene er 7,5 millionar kroner under budsjett. Løn er 2,1 millioner kroner under budsjett, Det er eit meirforbruk på 0,7 millionar kroner på lokale. Grunnen er at alle avtaler for miljøstasjonane ikkje var klare før i slutten av 2015. Av avviket for posten «telefon, frakt og porto» på totalt 2,5 millionar kroner er 1,9 millionar kroner transport og leige av konteinarar som er ført under varekost. Avviket på «sal, reklame og representasjon» på totalt 2,3 millionar kroner skuldast i hovudsak at skiltinga av miljøstasjonane ikkje blei starta så tidleg som planlagt.

Netto endring i kontantstrøm i løpet av året er 11,3 million kroner. Det er eit resultat på 4,3 million kroner frå operasjonelle aktivitetar, 3,0 million kroner er brukt på investeringar. Frå finansieringsaktivitetane er det ein effekt på 10,0 million kroner. Av dette er 6,4 million kroner eit lån.

FINANSIELL RISIKO

Den finansielle risikoen som følgje av renteendringar er låg. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet har auka i løpet av året, i budsjett var det lagt opp til ein nedgang. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er tilfredstillande til å handtere dei oppgåvene selskapet utfører. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er likevel ikkje stor nok til å kunne handtere vesentlege negative sjølvkostfond. Sidan kostnadane til eigarkommunane vil vere baserte på sjølvkost, vil risikoen knytt til framtidige resultat i ÅRIM vere liten. Den usikkerheita i samband med overtakinga av miljøstasjonstilbodet er no redusert. Likviditeten i selskapet er god nok til å handtere dette. Kredittrisikoen er liten ettersom ÅRIM har mange kundar og kvar kunde er ein liten del av omsetninga.

MARKNADSRISIKO

ÅRIM sine kostnadar og inntekter er, i tillegg til utviklinga i konsumprisindeksen og transportindeksane til Statistisk Sentralbyrå, også avhengig av råvareprisen på avfall, valutakursar og råvareprisar. Dei kontraktane selskapet har inngått i 2015 har gitt nokre utslag som følgje av dette. ÅRIM ser det likevel ikkje som nødvendig å gjere ekstraordinære sikringar av desse.

FORSKNINGS- OG UTVIKLINGSAKTIVITETAR

ÅRIM har i 2015, saman med andre avfallsselskap i Møre og Romsdal, innleia eit samarbeid med NTNU si avdeling i Ålesund. Målsettinga er å leggje til rette for meir avfallsfag i høgare utdanning, særleg innan ingeniørfaga, samt å tilsette i avfallsbransjen tilgang til etter- og vidareutdanningstilbod med høg kvalitet.

SAMFUNNSANSVAR

ÅRIM har innarbeidd omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og arbeid mot korrupsjon i alle kontraktar selskapet inngår. Selskapet har ikkje oppdaga avvik frå desse krava i 2015, med to unntak:

  • Miljøkvalitet AS, som driv miljøstasjonen på Jarnes i Sykkylven, har fått pålegg om å redusere mengder mellomlagra avfall på sitt anlegg.
  • Bingsa Næring, ei avdeling i Ålesund kommune, fekk pålegg om stans i behandling av vindu som er farleg avfall.

ÅRIM følgjer opp leverandørane til selskapet systematisk med sikte på å få lukka alle avvik.

YTRE MILJØ

Selskapet arbeider systematisk for å redusere miljøbelastinga på tre felt:

1. Ved å gi innbyggjarane i Ålesundregionen eit best mogleg tilbod, for dermed å auke mengdene avfall som går til gjenvinning.

2. Ved å stille strenge krav til leverandørane om å ta miljøomsyn ved gjennomføringar av aktivitetar for ÅRIM.

3. Ved å arbeide for å redusere miljøbelastninga av administrasjonen og drifta av selskapet sjølv.

I drifta av selskapet i 2015 er det innsamlingsarbeidet samt gjenvinning av restavfall som har hatt størst negativ miljøverknad.

ÅRIM handterte i 2015 over 2 000 tonn miljøfarleg avfall. Selskapet legg stor vekt på sikker oppsamling, transport og behandling av dette avfallet, og har i 2015 fått på plass digital journalføring av alt farleg avfall som blir motteke. Det farlege avfall blir vidaresend til godkjend sluttbehandling innan seks månader.

ARBEIDSMILJØ OG VERNEARBEID

ÅRIM er knytt til ei verne- og helseteneste. Det er utarbeid ein handlingsplan for HMS-arbeid i ÅRIM med vekt på å førebygge sjukdom og auke trivsel. I 2015 blei det med bistand frå verne- og helsetenesta avdekka at støytilhøva på Bingsa miljøstasjon i Ålesund var uakseptable. Selskapet har sett i verk tiltak for å redusere støybelastninga for dei tilsette.

Det er gjennomført ulike former for HMS-opplæring i selskapet i 2015, og frå 2016 oppretter ÅRIM eige arbeidsmiljøutval. Ved framlegginga av årsrekneskapet blir arbeidsmiljøet vurdert som tilfredsstillande. Det er ikkje registrert skadar eller ulukker, verken personskadar eller materielle skadar.

PERSONAL

Ved utgangen av 2015 var det 22 tilsette i selskapet, 16 menn og sju kvinner. Totalt hadde selskapet 21 årsverk i 2015, dette inkluderer midlertidig ansatte. Det vart tilsett 12 nye medarbeidarar i 2015. Av desse kom 10 frå Ålesund kommune i samband med overtakinga av Bingsa miljøstasjon. Sjukefråværet i 2015 var 460 arbeidsdagar, eit fråveret på 5,6 prosent. Langtidsfråveret (over 14 dagar) utgjer hovuddelen (4,7 %) av fråveret i ÅRIM.

LIKESTILLING

Styret har i 2015 hatt fire menn og tre kvinner. Leiargruppa i ÅRIM har fire menn og ei kvinne. Selskapet sin personalpolitikk er kjønnsnøytral. Det er ikkje planlagt eller sett i verk tiltak for å fremje likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling. Det har ikkje kome tilbakemeldingar på at nokon opplever selskapets personalpolitikk som kjønnsdiskriminerande.

REPRESENTANTSKAP OG STYRE

Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Totalt er det seksten medlemmar frå dei tolv eigarkommunane. Representantskapet hadde 2 møte i 2015. Styret har ansvaret for organiseringa av selskapet si verksemd. Styret hadde 7 møte i 2015 og behandla totalt 65 saker. I tillegg hadde styret ei strategisamling som var kombinert med ei samling med styra i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS og Volda Ørsta Reinhaldsverk IKS.

FORTSATT DRIFT

Etter styret si vurdering gir det framlagde resultatrekneskapet og balanse med notar eit rett bilete av verksemda sitt resultat for 2015, og den økonomiske stoda ved årsskiftet. Det har ikkje kome fram tilhøve eller hendingar etter avslutninga av rekneskapen som får innverknad på denne vurderinga. Styret stadfestar at føresetnadane for framleis drift av selskapet er til stades ved framlegging av årsrekneskapen.

ÅRSRESULTAT OG DISPONERING

Resultatet på 4 658 934 kroner fordelast på 1 290 904 kroner til utjamningsfond, 29 426 kroner til sjølvkostfond og 3 338 605 kroner på annan eigenkapital. Av det som er overført til utjamningsfond er 1 095 785 kroner knytt til renovasjon og 195 119 kroner knytt til slam. I tillegg er utjamningsfond for Skodje kommune overført til sjølvkostfond. Totalt er utjamningsfondet for renovasjon 11 628 616 kroner og for slam 2 360 286 kroner ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Sandøy er 128 325 kroner for slam og 224 250 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Skodje er 156 820 kroner for slam og 543 775 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Utjamningsfond og sjølvkostfond er over-/underskot for sjølvkosttenestene renovasjon og slam. Dette er abonnentane sine pengar og skal tilbakebetalast til abonnentane. Tilbakebetalinga skjer ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene.

Styret vil takke dei tilsette for stor innsats i det året vi har lagt bak oss.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA