Skip To The Main Content

ÅRIM sin strategi

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Ny strategi - korleis få meir avfall til materialgjenvinning?

ÅRIM har foreslått ein strategi som gir ei utvikling ​i korleis regionen handterer avfallet. Målet med tiltaka er å utnytte ressursane best mulig. Dette betyr ei endring for folk, og ei endring av kva type behandling ÅRIM sender avfallet til.

I korte trekk foreslår vi å sette i gang innsamling av mat, og glas og metallemballasje heime hos folk. 

Strategien møter lokalt, nasjonalt og internasjonalt mål om å auke til femti prosent materialgjenvinning av avfall innan 2020.
biogass sirkel
Det grøne skiftet i praksis
Når vi samlar inn matavfallet​, skal dette gå til biogass og biogjødsel. Biogassen kan brukast i bussar og renovasjonsbilar. Biogjødsel gir næringsstoffa tilbake til matproduksjonen. Dette ​betyr at viktige næringsstoff sirkulerer​. ​Viktige næringsstoff sirkulerer - det er dette som er sirkulær økonomi.

Revisjon av strategi for ÅRIM

I 2021 gjennomfører ÅRIM ei oppdatering av strategien. Nokre nye rammevilkår er fastsett sidan strategien til ÅRIM blei vedtatt i april 2017.

Norwaste AS gjennomførte i 2020 ein forstudie innan miljø, sirkulærøkonomi, logistikk og anleggsstruktur for ÅRIM, VØR (Volda Ørsta Reinhaldsverk) og RIR (Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap). Rapporten er tilgjengeleg her. Rapporten frå Norwaste gir ei oppdatert oversikt over rammevilkåra som gjeld for hushaldsavfall i dag og forventa utvikling mot 2030. Rapporten samanliknar også gjenvinningsresultata i ÅRIM i 2019 med nasjonale resultat.

I 2018 blei det innført nye felleseuropeiske mål og reglar for innsamling og gjenvinning av avfall. ​Desse måla er under innføring i norsk regelverk. Parallelt med dette arbeider Regjeringa med ein ny handlingsplan for sirkulærøkonomi som skal publiserast våren 2021 og med i stortingsmelding om korleis Noreg skal nå klimamåla for 2030.​

Les heile strategien for framtidig avfallsløysing

ÅRIM har utarbeidd eit overordna strategidokument  med tre tilhøyrande vedlegg.

Høyringsuttaler

Kjeldehenvisingar:

I ÅRIM sine kommentarar til høyringsuttalane henviser ​ÅRIM til ein del kjelder. Her er linkar til desse. Ta kontakt dersom du saknar noko.