Skip To The Main Content

Kvifor lage biogass av matavfallet?

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Betre utnytting av restavfallet ved å lage biogass

miljonytte forbrenning vs biogass

ÅRIM vil samle inn matavfall og lage biogass og biogjødsel. Dette gir betre ressursutnytting enn ved å energigjenvinne (brenne) avfallet.

Avfall til biogass og biogjødsel
Ved produksjon av biogass går ressursane i avfallet i kretsløp fleire gonger. Sidan biodrivstoff erstattar fossil diesel, viser det samla reknestykket ved å produsere biogass at dette ​gir  nullutslepp av CO2.

Når vi produserer biogjødsel tek vi også vare på dei verdifulle næringsstoffa nitrogen og fosfor. Fosfor er ein ikkje-fornybar-ressurs som er sett opp på EU si liste over kritiske råvarer sidan utnyttinga er for dårleg i dag.

Avfall til varmegjenvinning
Ved varmegjenvinning blir ressursane i avfallet berre utnytta ein gong, så er det stopp. Energien erstattar hovudsakleg straum frå vasskraft, vi får difor ikkje samme effekten som ved å erstatte diesel.

Å hente fosfor ut av aska kan vere teknisk mulig i framtida, men svært ressurskrevjande. Dette er det ingen selskap som har løysingar for i Noreg i dag.

Matavfall til biologisk behandling tek vare på næringsstoffa

Det er viktig for den globale forsyningssikkerheita for mat, at vi utnyttar organisk avfall slik at ​næringsstoffa blir ​brukt om igjen. EU har sett fosfor opp på lista over kritiske råstoff.

I 2015 kom rapporten betre utnytting av fosfor i Noreg frå Miljødirektoratet - her er biogass ei tilrådd behandlingsform og strategi for sirkulær økonomi og fosforgjenvinning.

FAKTABOKS:

  • ÅRIM samla inn 22 000 tonn restavfall i 2015.
  • Halvparten av restavfallet, om lag 10 000 tonn, er matavfall.
  • Forventa mengde utsortert matavfall frå husstandane i 2020 er 5 000 tonn  (på sikt kan det vere mogleg å samle inn opp mot 8 000 tonn).
  • Matsvinn frå 2010-2015 i Noreg er redusert med 12% per innbyggjar (alle ledd i verdikjeda er inkludert). Målet er å redusere dette vidare.
  • Ein familie på fire kastar i gjennomsnitt mat til ein verdi ​av 10 000 kroner per år (kjelde: FIVH)

Spørsmål og svar

  • Skal ÅRIM bygge biogassanlegg?
    ​Byggjing av biogassanlegg ligg ikkje inne i strategien eller budsjettet til ÅRIM i dag. Selskapet er i dialog med VØR og SSR for å vurdere om det er grunnlag og muligheiter for framtidig biogassanlegg i regionen. Det vil vere fornuftig å byggje opp ny kompetanse og skape arbeidsplassar i ​vårt distrikt.
  • Kvar skal ÅRIM sende matavfallet?
    I dag er det ikkje biogassanlegg for behandling av matavfall i vår region​. ÅRIM vil difor sende matavfallet til eit etablert anlegg. Det finst fleire anlegg i Noreg.

  • Blir ikkje biogass fort utdatert?
    Regjeringa satsar på biogass og vurderer dette som eit av tiltaka for å nå klimamåla, både for landbruks- og samferdselssektoren. ​Kva energiberarar vi brukar i framtida er ikkje snakk om enten eller, men både-og;  biogass, hydrogen og elektrisitet. Fleire renovasjons- og busselskap bruker biogass. Medan biogass er godt etablert, er hydrogen og elektrisitet som drivstoff i renovasjonsbilar på eit tidleg stadium.
  • Er der miljøgifter i biogjødsel?
    Biogjødsel er laga av matavfallet vi har kasta, ​altså mat. Produktet som ​kjem ut av dette må innfri myndigheitene sine krav til gjød​sel. Samme regelverk gjeld for alle organiske gjødselvarer.  Produsentane tek prøver for å heile tida kontrollere at dei ligg innanfor gjeldande grenseverdiar. 
  • Er der mikroplast i biogjødsel?

    Miljødirektoratet presenterte ei tiltaksvurdering mot mikroplast i 2016. Her er det tatt utgangspunkt i den kunnskapen som finst om dei ulike kjeldene. Avløpsvatn er identifisert som ei kjelde til mikroplast; matavfall er det ikkje. Dette er ein av grunnane til at det er strengare krav til bruk av biogjødsel produsert av avløpsvatn enn for biogjødsel produsert av matavfall.

  • Kva miljøkrav gjeld for biogjødsel?
    Dagens bruk av biorest som biogjødsel er regulert i gjødselvareforskriften .  Her er det grenseverdiar for ulike uønska stoff. Det meste av biogjødsla som norske biogassanlegg produserer tilfredsstiller desse grenseverdiane med god margin, dette blir kontrollert av Mattilsynet.

  • Kven ​treng biogjødsel?
    Det er eit mål at biogjødsel skal erstatte bruk av mineralgjødsel og redusere uttak og bruk av torv. VØR arbeider med ei kartleggjing av behovet for biogjødsel i Ørsta, Volda og omland​. Dette er eit område med landbruk, lokalt.
  • ​Kan biogjødsel brukast i økologisk landbruk?
    ​Biogjødsel har i fleire tilfelle høgare verdi som plantenæringsstoff enn tradisjonell kompost. Bioforsk har publisert ein rapport som viser til undersøkingar av biorest frå matavfall, felles for desse er at dei konkluderer med at det er liten risiko for mattryggleiken ved bruk av biores. Bruk av biogjødsel prodsert av matavfall er ei attraktiv råvare for økologisk landbruk, biogjødsel produsert av avløpsvatn er ikkje lov å bruke i økologisk landbruk.
  • Blir det kostbart å levere avfallet til biogassproduksjon?
    Selskap ÅRIM samanliknar seg med melder om at ​samla utgifter med frakt og behandling er omtrent det samme som ved å levere avfallet til forbrenning.Gjennomgåande er det litt rimelegare å levere matavfall til biogassanlegg enn å levere restavfall til forbenning, men transportkostnadane er litt høgare for matavfall.