Skip To The Main Content

Betre ressursutnytting av matavfall

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

matavfallhierarki

Matavfallshierarkiet

EU parlamentet har foreslått eit matavfallshierarki. Dette gir føringar for​ korleis landa skal prioritere val av behandling av matavfallet som oppstår​.

    • 1.  Forhindre at mat blir avfall. (Sjå NRK forbrukerinspektørene som set lys på dette)
    • 2. Spiseleg mat skal til menneske. Eit døme er snåle frukt og grønnsaker som blir kasta  på grunn av ukurrant form og storleik. Denne maten blir energigjenvunne eller materialgjenvunne i dag. Målet er å få meir av denne maten på spisebordet til folk.
    • 3. Bruke som dyrefor. Maten som ikkje eignar seg for menneske skal brukast til dyr.
    • 4. Lage produkt. Ein del mat og restar frå matproduksjon kan brukast som andre produkt, til dømes bioplast. ÅRIM har kjøpt plastdunkar laga av restar frå sukkerrør.
    • 5. Utnytte​ organiske ressursar.. Lage biogass og biogjødsel av matavfallet.
    • 6. Utnytte energien. Lage varme og straum av matavfallet.
    • 7. Deponere. Leggje på "dynga"